NYNORSKHUSET
 
 

Eit nasjonalt kraftsenter
for språk og kultur


 
 

Nynorskhuset i Førde

Nynorskhuset er eit kombinert medie- og kulturhus, og det første av sitt slag i landet. Under eitt og same tak finn du NRK Vestland, Firda, Teater Vestland, NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter. I tillegg held restauranten Røyst til i huset.

Nynorskhuset opna i september 2024 og er ei samlokalisering av medieverksemder og kulturinstitusjonar i Førde. Klynga er eit inspirerande utviklingsmiljø for aktørane, og skal vere grobotn for nye verksemder. Nynorskhuset utgjer vel 110 tilsette, som alle har formidling som profesjon, alle har nynorsk som kjernespråk og alle brukar digital teknologi i produksjon og publisering.

 
 
 

“Sjå på dei beste,
og ikkje på
dei fleste”

IVAR AASEN

 
 
Heis4.jpg
 
 

NYNORSK FYRTÅRN

Nynorskhuset skal vere eit fyrtårn for det ekte, norske språket som Ivar Aasen fann og utvikla på 1800-talet. Ambisjonen er at huset skal romme eit mangfald av medieverksemder og kulturinstitusjonar med det nynorsk språket som felles himmel. Nynorskhuset skal utvikle klyngemiljøet og gjere at det blir eit løft for det norske språket og ei innovativ kraft for aktørane.

Det er når vi møtest at vi utviklar oss, både som menneske og bedrifter. Nynorskhuset i Førde er eit vekstmiljø til beste for aktørane, publikum og ikkje minst det nynorske språket.

 
 
 
Tollak til Ingeborg_1_fotoMagnusSkrede.jpg

3Q7A3221.jpg

 

_DSC3080-nynorskhuset-NRK.jpg