NYNORSKHUSET
 

Visjon

 
 
 
 

Nynorskhuset i Førde skal bli eit nasjonalt kraftsentrum for norsk språk og kultur. Ved å samlokalisere ei rekke kultur- og medieaktørar, vil vi utvikle ei motvekt til forvitringa av det nynorske språket. Det kombinerte kultur- og mediehuset i Førde startar med over 100 arbeidsplassar og blir den største nynorskklynga i landet. NRK, Firda og Teater Vestland blir dei største aktørane i dette klyngemiljøet.


MOTVEKT

Det norske språket er under press. I 1986 vart åtte av 10 masteroppgåver skrivne på norsk, i 2016 var talet redusert til fem av ti, syner ei fersk gransking frå NIFU. 12 prosent av grunnskuleelevane i Noreg har nynorsk som hovudmål når dei tek til på skulen. Før dei forlet den vidaregåande skulen, er prosenten redusert til seks, syner statistikk frå Utdanningsdirektoratet for skuleåret 2016-2017. Granskingar viser at elevane skifter målform fordi nesten alt dei les er på bokmål. Meir nynorsk i media, større merksemd om den nynorske litteraturen og eit styrka nynorskteater kan bli ei viktig motvekt til denne utviklinga.


NYNORSK GRUNNFJELL

Sogn og Fjordane og Hordaland er det nynorske grunnfjellet. I gamle Sogn og Fjordane hadde 97 prosent av grunnskuleelevane nynorsk som hovudmål, og dei held i stor grad på målet sitt gjennom vidaregåande skule. Derfor er Førde ein naturleg og solid ståstad for fremjing av nynorsk språk og kultur. I 2015 kåra Kulturdepartementet Førde til årets nynorskby for arbeidet med å styrke den språklege kvaliteten og identiteten i Førde. Same året gjorde Sentio Research ei gransking for Riksmålsforbundet, som viste at rundt 600.000 menneske har nynorsk som skriftspråk.


 

Til lags åt alle kan ingen gjera;
det er no gamalt og vil so vera.

ivar aasen